




I dag likar eg prikkar, eg har på meg ein prikkete topp og eg skal heim sekstande desember i staden for nittande desember! Alt godt i verda.
Kjelde / Neil Atherton
– Eg heiter Mari. Eg har blogg.





I dag likar eg prikkar, eg har på meg ein prikkete topp og eg skal heim sekstande desember i staden for nittande desember! Alt godt i verda.
Kjelde / Neil Atherton

(Fordi eg ikkje får framkalla bilete før eg skal heim, fordi eg ikkje skal heim før NITTANDE DESEMBER, fordi det tar en million minutt å laste opp dei digitale bileta til fotoknudsen, fordi bussen alltid er forsein, fordi det tar så lang tid å komme på ting som eg skal gjere og fordi det ikkje går an å gå noen plass her!!)
Men no skal eg gå meg en tur, sjølv om eg ikkje kjem meg nokon plass. jippi

I ettertid kan eg spørre meg sjølv kva Log lady, Obama, Charlotte von Mahlsdorf og Ringo Starr eigentlig har til felles, sånn reint bortsett frå å vere tvungen inn i same moodboard.
Til opplysning driv eg sjokkerande nok framleis på med fotoprosjektet mitt. No har det gått 24 av 365 dagar. I staden for å blogge bileta ut i verda, lastar eg dei no opp på flickr-kontoen min. Kjekt og greit. Eg fekk låne eit 50mm fastobjektiv ein stund, det var himmel på kamerajord.
Kan også opplyse om at eg snubla og skrubba kneet i går. Eg er altså 19 år og 10 månedar gammal.
Jippi! Eit tilfelle av glede både før, under og etter framsyning oppsto. Kven kan vel si nei til eit omreisande teater, Tom Waits og eit magisk speil? Takk, Terry Gilliam.

(Samt Heath Ledger. Eg er jente. Eg har i allefall lov til å vere begeistra og litt trist.)

Stå opp, ete, gjere noko, ikkje gjere noko, ta pause, skjekke facebook, ete, gjere noko anna (alt ettersom), ete, kose, fare ein anna plass, komme tilbake, lese, sovne osb.


Har kanskje funne ein ny favoritt. Eg likar fuglar, natur, monotonar og ting som minner meg om Tom Waits. Klikk her for å sjå meir (det blir nemlig betre).
Her hinn dagen var vi og såg utapå og inni huset til Ole Bull:

Det var sånn passe awesome inni óg, men eg gidde ikkje legge ut fleire bilete, av frykt for å få magesår grunna treigetreigetreig computard. Serriøzt, jæ får helt fnatt. Så det er derfor das blogg er sultefora (det å leve utan norsk skulesystem har forresten gitt meg automatisk 1+ i norsk hovudmål).
No hadde eg tenkt at eg skulle skrive om at eg såg Den fabelaktige Amélie fra Montmartre i går og om kor godt likar den, og at eg alltid vert så glad og inspirert på grunn av fargane, men no gjekk altså brannalarmen på Åsane Folkehøgskule igjen. Brb
Vel inne igjen, kan eg raskt fortelje minst sju grunnar til at eg likar Amélie: Mann med stor nase, små absurde fakta om karakterane, fransk, han mannen som les at han har fleire hjerneceller enn det finst atom i universet, Renoir, musikken, og at eg klappar i hendene av spontan glede når eg ser den. Random illustrasjonsbilete:

iiiiiiiih!
Driv framleis og går i desse fjella. I dag var vi på tur til eit ganske høgt og bratt fjell med, 849 moh. For første gong regna det ikkje, og det var fjell og fin utsikt over alt. Det heile var så fint at då eg åt kvikk lunsj, fekk eg alvorlige assosiasjonar til den der fine, litt nasjonalromantiske reklamen, den som minnar meg på kvifor eg likar norsk natur og tur i norsk natur. Eg brukar vanligvis ikkje å like reklamar i det heile, men denne er så vakker at eg berre må dele den.
Okei, så er dette berre ein samling youtube-videoar som gjer meg glad, og dei bør du og sjå og verte glad. Så er ikkje det meir å seie om den saka.
Tenkte eg óg skulle prøve meg på eit slikt 365-prosjekt, sånn som ho her driv på med. Dette vil seie at eg tek eit bilete kvar dag i eit år, for å bli flinkare (knis). Eventuelt for å sjå kor lenge eg klarer å halde konsentrasjonen. Det første biletet vert dette her:
Eit lite apropos: der fantest ein mann som tok eit polaroid-bilete kvar dag, heilt fram til han døydde. Han finn du her, og eg synst han var fantastisk.
Laga til ein 365-blogg, så får det gå som det går. Litt ambisiøst, dette her, men det likar vi.
Herrejemini. Eg går jo berre rundt å rapa pesto, veit du. Eg hadde tenkt at eg skulle klare ei heil veke utan, ha en sånn pestopause. Njet, det klarte eg ikkje. Også kosta han no berre 16 kr på kiwi (vi har kiwi i Volda). Nam. Elskar deg, pesto. Ellers så har eg på meg gulltoppen og har funne igjen Kurt-buttonen. Godt å vere heime.














Eg har tidligare høyrt at Ida Maria skal vere så spennande og plateknusande og rockekomet og kontroversiell at det ikkje er måte på det, i alle fall ikkje innan for norsk musikkbransje. Fekk difor eit inntrykk av at ho var fjorårets “kjempekult og vi høyre den på radio heile tida”. For min del var dette noko eg sa klart nei takk til, hovudsakleg fordi ho høyrest ut som eit esel i barsel når ho prøvar å nå dei høge tonane. Lidenskapleg bruk av stemmen, my ass. Men så kom eg over ein song, og den har eg høyrt på 1012334 gangar berre sidan i går. Eg kan ikkje forstå at dette er same dama, for dette her var rett og slett vakkert.
Print screen er my fav 4 ever, spesielt dei av kleine ting. 10 poeng til dei som ser den pinlige stemninga, og 10 til om du kan påpeike den høgt i ein forsamling, og forsterke den enda litt. Meir.


www.match.com/kleint

Denne samlinga av kleine sakar (eg er faktisk ganske flau no), samt at kronprinsparet er på tv no og pratar betre engelsk enn meg, er berre ein oppvarming til at eg skal sjå Peep Show. Dersom du berre skal skumlese gjennom dette bør du berre legge merke til to ting. Peep. Show. No skal eg berre sitte her og kjenne på den pinlige stemninga. ahhh



Gjett kva for ein film eg såg i går, då.
Sånn reint fordi en blank vegg rett og slett ikkje er min stil, og fordi bileta frå det analoge kameraet endelig kunne bli nytta til noko.

Følg med! (eg synst dette er kjekt).
Augene mine er ikkje lenger vande med å stirre inn i ein datamaskin i meir enn 15 minutt. Datamaskinen min er ikkje lenger vand med å gjere meir enn tre ting på ein gong. Eg må sitte på biblioteket for å få inn internett, fordi nettverket på skulen ikkje er vand med å ha 100 elevar pålogga. Altså:
1. Augene mine har det ikkje bra
2. Datamaskinen min har det ikkje bra.
3. Eg sit på biblioteket.
dermed finn vi at (finn x):
x = pc x + biblioteksstol x
x = pc : au i auge + biblioteksstol : au i ryggen
x = gidde ikkje meir


Tekopp frå indiska, lånt frå Martine, te knabba frå Carina.

Åja, med Aksel Hennie og Nicolai Kleve Broch, då eller.
Kvar gang eg ser dritungar som går rundt med speglreflekskamera på auto, og som ikkje kan forståå kvifor biletet ikkje vart sånn og sånn slik som dei ville, og som held nede blitzen når eg foreslår å bytte til manuell (idiotar!), kvar gang eg ser dei, får eg lyst til å brøle og grine og øydelegge deira dyrebare autofokus. Men no fekk eg nett ein e-post om at
og det er ganske sweet. Skal sjå at eg snart vert ein glad fisk igjen.

Mykje magi, øl, musikk og kjærleik. No saknar eg Roskilde! Eg likte denne godt. Dette vert ikkje ein objektiv vurdering, sidan min store kjærleik er nettopp denne festivalen som boka handlar om. Det eg kan fortelje, i all obektivitet, er at boka er skrive i ein slags stream of conciousness, at tredve komma på ei side og masse oppstykking har aldri vore min favoritt, og ei heller name-dropping. Men Linn Strømsborg får fram eit eller fleire poeng om at Roskilde er noko spesielt og bra. Og der er ein raud tråd som går gjennom det heile. Litt kjærleik var der med. Det var fint. God feel good over denne, noko som er bra, for eg har berre lest grinebiterbøker og triste ting i det siste.
Kom over ei lita bok her hinn dagen, “Øvingar” av Kurt Johannessen. Han er visst ein skikkelig særing. Samlar på hårstrå til eit kunstverk gjer han med. I følge dama bak skranken på Bergen kunstmuseum et cetera kjem han innom med eit knippe bøker som dei skal selge. Og som eg skal bruke stipendet frå statens lånekasse på dei neste månedane, for eg synst dei var geniale! Ei slik bok som “Øvingar” er veldig fin å ha no som eg har eit liv utan tv og internett, og eg har som plan å gjere alle tinga i boka. Eller i allefall tenke at eg gjer dei. Eller i allefall synst dei er fine og at det hadde vore kjekt å kysse vinden eller plutseleg verte ein ulv. Sjå då. Den er søt på ekte.



Ryddigt, radigt, dårleg internett. Biola, strikking, Lyderhorn i styrtregn. Ja, og så tvilar eg på at noen huskar at eg kjem frå Sunnmøre, så eg skal passe på å gå med dokfilm-skjorte og seie haud og låkt, og tone ned den der skarringen eg pådrog meg i forrige årtusen, sånn at det vert… tydelig. Eg holdt no eit 90 sekunders foredrag om plassen. Nevnte ferga å greier. Kult.
Har forresten stjelt Olav H. Hauge frå biblioteket. Første eg gjor etter å ha hengt opp tissefantar på korketavla i stua. God stil.
SISTE KOMMENTARAR