Denne jenta er ein sjølverklært maksimalist, men i år skal eg prøve meg på eit ekte nyttårsforsett: å kjøpe mindre. Eg veit eg har kjøpt meir av det eg vil ha, enn av det eg faktisk treng. Det er nok derfor eg har skapet fullt i klede eg ikkje går med og bokhylla fylt med bøker eg ikkje har lese. Det seiast at vi går med 20 % av dei kleda vi har, 80 % av tida, i tilfelle du trengte litt statistikk.
Vi bur i eit land der vi forbruker mykje. Før jul ba ein økonomiekspert oss om å kjøpe ei ekstra julegåve, fordi vi hadde så sterk kjøpekraft, i forhold til resten av Europa. Sjølvsagt tenkte eg på å heller kjøpe denne ekstra julegåva til meg sjølv, men fant fort ut var at det eigentlig ikkje var noko eg trengte. I det heile tatt! Dette har gitt meg drivkraft til å prøve å vere fornøgd med det eg har frå før, i staden for å auke mengden for å føle meg betre.
Eg skal låne i staden for å kjøpe, bruke i staden for å berre eige, leve med i staden for å leve ved, og ikkje minst bruke pengar på opplevingar i staden for eigendelar. Sjølvsagt har eg lov til å kjøpe tannkrem, telys og bussbillettar! Det er nok av andre ting å ta av. Denne første månaden som anti-forbrukar skal eg:
- ikkje gå innom butikkar for å “berre sjå” (ikkje ein gong fretex!)
- hive alle produkt eg ikkje treng (i plastsorteringa!)
- bruke biblioteket
- pakke vekk ein del klede eg ikkje har brukt i det siste, gi dei vekk om dei ikkje er sakna innan februar.
- lære å stoppe ullsokkar
- sole om vinterskoa hos skomaker
…så får vi sjå korleis det går.


















Dette høres veldig veldig smart ut. Både for verden og for lommeboka di;) Bibliotek er fine, og å stoppe sokker er undervurdert:) Jeg har blitt mye flinkere de siste par åra på å ikke kjøpe så mye greier, men jeg kan godt bli enda flinkere. Lykke til!
Ja jeg vet. Verdensrommet er superfantastisk, men ganske skummelt også.