Til opplysning driv eg sjokkerande nok framleis på med fotoprosjektet mitt. No har det gått 24 av 365 dagar. I staden for å blogge bileta ut i verda, lastar eg dei no opp på flickr-kontoen min. Kjekt og greit. Eg fekk låne eit 50mm fastobjektiv ein stund, det var himmel på kamerajord.
Kan også opplyse om at eg snubla og skrubba kneet i går. Eg er altså 19 år og 10 månedar gammal.











SISTE KOMMENTARAR