Arkiv for august, 2009

ffffound
Den finaste sangen eg veit i heile verden er Running Up That Hill. Den er orginalt Kate Bush sin, men den vert så uendelig masse finare i tonane til Patrick Wolf. Det er noe med orda. Det er noko med vakre mannstemma med trillar og det mørke, det låge, det høge, det stille i den, og det beste er at det er live og at det er ein total feil tone midt inni og at det heile er så vakkert og perfekt at eg får frysingar (og ser for meg kor kvalm eg kjem til å verte om ein stund når eg tenkjer på at eg lot følelsane flyte fritt å utrykke mi hengivenheit ovanfor noko levande), og å kor eg elskar den sangen.
Dette er ikkje den aller beste versjonen, men det er den einaste eg fann på veven. Eg vert glad av Patrick Wolf og får frysningar av Kate Bush. Det er ein fantastisk kombinasjon.

No flyttar eg. To søppelsekkar og to kasser med ting som er mine skal bli med meg. Kjem til å skvise ut den andre som eg skal sove på rom med grunna den enorme mengda av ting eg må omgi meg med for å overleve. Og gløyme tannkosten heime.
(samt at eg må avgjere kva eg skal stemme på ved valget innen i dag, har rota vekk valkortet mitt og veit berre kva eg ikkje skal stemme, så eg er definitivt ikkje klar for dette her.)
No har det seg slik at eg i det siste tatt meg sjølv i å fotografere lampar, litt i same kategorien som at eg alltid fotograferar føtene mine (he he). For lampar er ganske interessante å sjå på, og ein avgjerande del av eit rom. Eg har ei greie for 70- og 80-tals lampar, men dei er jo ganske stygge, sett med det generelle auge. Det å ha ein heime er litt som å ha Barbara Streisand sitt album “Guilty” i cd-hylla, du vil eigentleg ikkje ha dei i hus i tilfelle nokon ser det, du vil jo ikkje virke smaklaus og utdatert heller. Men så er det jo så greit å ha. Forskjellen på lampane og albumet er at det ikkje vert like klein stemning om du vert tatt i å høyre på tittelsporet på “Guilty” medan du lagar middag, som det å ha ei gammal stygg(fin) lampe ståande i ståva, og så er jo nytteverdien til sistnemde langt større.





No har eg sett Eraserhead. Eg skal ikkje påberope denne filmen som fantastisk no med det første. Derimot skal eg ta ein opplisting av det eg likte og ikkje likte med filmen. Sånn for ordens skuld.
Det eg likte med den var at den var i svart kvitt, at der var ein konstant støy i bakgrunnen, det forferda og ulykkelige uttrykket som hovudpersonen har gjennom heile filmen, og at det var masse ekle kjekke ting som var æsjete.
Det eg ikkje likte med filmen var at eg ikkje forstod noko som helst, korkje angåande radiatorar eller avkom som vert begrava i potetmos. Eg forstod absolutt ingenting, men så er jo eg oppflaska på at du skal lære noko av filmane du ser. Jadda.
Eg likte best å sjå på filmen. Som tidsfordriv og for å berre bruke augene til noko nyttig (øyrene med). Dessverre tør eg sannsynlegvis ikkje sove i natt. På grunn av dei ekle kjekke tinga som var æsjete. Det var også noko eg ikkje likte. Samtidig som eg likte det. David Lynch, du får lov til å øydelegge nattesøvnen min. Men berre du.

frå ffffound.

Det regnar heilt forjævlig mykje ute, då er det fint å vere inne og å ha ein pus som også er inne. kosetid

Slik såg det ut då eg skulle få plass til meg sjølv i ein koffert. Dette biletet var mitt tilskot til Suitcase Stories (2008), eit fantastisk prosjekt som dessverre er tatt av veven pr. dags dato. I kofferten min finn du mellom anna:
- kosebamsen Bob Hund
- bilete av familien min
- såpeboblar
- Tom Waits sin Swordfishtrombones
- kaktusen min
- Island
- den opptrekkbare kyllingen Tippi
- skisseboka mi
- aller helst skulle eg hatt Nick Cave oppi óg, men det fekk halde med ein cd av Nick Cave and the Bad Seeds
- Rosa ting
- Fujica ST605
- En ponni (ein My little pony, ja)
Denne kofferten er eit veldig godt bilete på skapinga av min identitet. Mange av tinga har eg hatt sidan eg var lita. Det er slik eg er, eg hiv ingenting for eg vert frykteleg knytta til dei. Eg vil lage ein ny snart, sidan eg “står ovanfor eit vegskille i livet” and all that jazz. Kanskje eg skal lage ein kvart år?
Av og til får eg litt lyst til å
Publisert 10 august, 2009 Bilete , Inspirasjon , KJEMPEBRA Leave a Commentbu i ei dråpe

få ein pitteliten pusekattunge
vere før i tida
ha ein besteven som også er ein kanin
sitte bakpå ein sykkel i ein bynatt
bu opp ned

dra til afrika
berre ta bilete av uoppredde senger
kjelder: ffffound / Annette Pehrsson / Debbie Carlos / Jamie Livingston’s photo of the day / eg lagrar bilete på maskina uten å huske kor dei kjem fra
1. Jobb. Standard oppvising av mangel på folkeskikk hos oppegåande menneske. Men i dag var eg óg kunde, eg bestillte brus og dama på telefonen var så hyggeleg! Og eg var hyggeleg tilbake! Dette gjorde dagen min, men fekk meg også til å gå i meg sjølv angåande kunde/ekspeditør-forholdet som har surna kraftig i det siste. Så slo det meg at dama på telefonen berre snakkar med folk på telefon, og ikkje treng å få noko fysisk inntrykk, i motsetning til meg som både luktar, ser, høyrer, tar på (!!!), vert irritert over, gir mat til, tilbyr folkeopplysing om kor ein finn kjerka, og held tolmodigheita der den skal ver. Samtidig. Litt. Konklusjon: eg vil ha ein telefonjobb (eh).
2. Sluttar i kiosknæringa om 2 veker. Kjem til å sakne den plassen. I dag kom der jo inn en mann som var heilt i hundre over eit flaxlodd! Og nokon som ville dele ei pølse ♥
3. Flyttar til Hylkje, med folketal 2,195, om vel 2 veker for å gå på folkehøgskulen til Noregs avholdsforbund. Ja ja, shit happens.
4. “No ska me te me noken knalltøffe utfall, å då e det berre å lesse godt på me vekte dokke” og eg grein litt og håpa at ingen av dei sprekare 40- og 50-åringane eg trena at med såg det. (Mari, 19 1/2 år)
5. Twin Peaks. Kjedelig, kjedelig, kjedelig, oi no skjedde det visst noko mens eg såg ein annan veg!! Herregud kor spennande etc på repeat i sånn 3 episodar. Log lady intro, då. Jess.
6. Spotify-reklame om den nye popsensjasjonen Lotta som varte og varte og varte ja greit det eg vil dø no.
7. 
8. Eg høyrer på Soundtracket til Six Feet Under fordi eg eigentleg vil sjå på det.
9. Listene er tilbake i hodet mitt, det er berre lister meg her og lister meg der og det er då eigentleg ganske kos. Huskar då dei pågjekk for fullt i våres, men kjekt å ha, hadde eg no ein gong berre nytta dei til noko skikkelig, som ting som skjedde på 1800-talet, eller korleis ikkje stryke på eksamen (eg gjor strengt talt ikkje det) og øydelegge ein eventuell framtidig karriére som stortingspolitikar. Kan trøste meg med at eg kan verte spanjol eller engelskmann i staden.
10. Følg min blogg med bloglovin (eller ikkje)
Det var ein gong eg stod i ei trapp og venta på å kome inn i kinosalen på Volda samfunnshus. Det var dokfilmveke og det var mange folk. I mengda som sto oppover trappa framfor meg fekk eg auge på eit nydeleg par sko. Eg dulta i veninna mi og gjor ho oppmerksom på dei. Medan vi sto der og konkluderte med at “dei var ganske sweet, ja” hadde kvinna som var i dei blitt oppmerksam på den ufrivillege merksemda fottøyet hennar fekk. Ut av allminneleg høflegheit valde eg å gjere det klart for ho at ja, det er dine sko vi ser på, for dei var jo rett og slett kjempefine! Som reaksjon fekk eg “åja…..” etterfulgt av ei pinlig stillheit for meg og eit hovent blikk frå ho. Neivel, tenkte eg. Eg står her og gir deg eit kompliment. Værsågod. Takk for god kommunikasjon.
Så, dette er til ære for sko, og ikkje for oss kjerringane i dei.

(det siste biletet her er lånt herifrå. verdt en les!)
Etter at eg vart fråstjelt ca. alt eg eigde på Roskilde i år, er det ein liten ting som eg har følt eit spesielt stort sakn etter. Fisken. Takk for den korte, men fine tida vi fekk ilag:















SISTE KOMMENTARAR