Akkurat no er eg dautrøtt. Eg har vore på jobb, eg har sett ein semibra film, eg har ete lasange, eg har lese ferdig boka mi (114 sider lang, stolt) og eg vil ingenting anna enn å sove. Før eg legg meg brukar eg å høyre på musikk (mlia). For å roe meg ned og for at det er kjekt når dei kjem inn i draumane mine og gjer dagen i morgon mykje betre. Skal forresten ikkje opp før halv fire minst. Då har eg god tid til å drøyme. Eh ja, det gjer eg uansett kor lite eg søv og kor eg no enn måtte sove. Noko som kan føre til ekstrem forvirring, men nok om det.
Før eg legg meg har eg brukt å høyre på Tool, ein ganske manisk vane. Diverre finst ikkje dei på spotify, som styrar livet mitt og skvisar ut det som ikkje er der. Neida. Tool er då her. Før Tool si tid høyrde eg på Sigur Rós og Two Gallants og Nine Inch Nails og John Frusciante og Seigmen og Thomas Dybdahl, etc etc, i ein like manisk manér. Her burde manisk har vore plasert i gåseauger. Det var ikkje så manisk at ein får det i ordets rette forstand og bla bla bla, eg vert litt tytete av meg når klokka bikkar overtrøtt. Byrjar å lure på om eg faktisk treng denne søvnen likevel. Så i allefall då! Eg laga ei spotify-liste! Herregud at det skulle vere så vanskelig å kome fram til akkurat det då. Der finn du litt av kvart. Viktig å huske på at du skal verte både glad og trist og ettertenksom før du sovnar.
Forresten, saksa frå DB Fredag, 17. oktober 2008:
Insomnia
Jeg ønsker meg Sivert Høyem på resept. Han skal sitte på
sengekanten og snakke rolig og behagelig, kanskje synge litt
lavt.
Søvnløs
God natt, lille hattifnatt!











SISTE KOMMENTARAR