
Skjer dette igjen, svergar eg på at eg legg meg ned i gjørma og dør. Eg er altfor stressa over at eg skal klare å komme meg til Danmark på eiga hand. Passe på meg sjølv og greier. Dette greide eg jo fint då eg var (berre) 17 år! Kva er endra no då. Sei meg det. Kanskje det hadde vore ein idé å pakke. Ta med liggeunderlag og greier. Jadda. Bør gå å skrive ut bussbilletten slik at eg ikkje vert eigd i Oslo. Så bør eg leggja meg og stå opp for å selge lotto i sju sveittande timar.
Kjøpe knekkebrød. Byrje å pakke. Løyse sudoku. Ta bussen.










0 Svar to “hei roskilde”