Dette er ein vurdering av korleis eg syns det gjekk med 55-200 mm objektivet (orddeling? det store spørsmålet):
Trykk om du har eit trykkande behov for å sjå større versjonar. 55-200 mm = flott for å ta bilde av natur, ting som er langt vekk og detaljerte bilete av oppi nasa mi. Nei, eg har ikkje eksempel å vise av nasebileta. Det ville rett og slett ha vore for fjasete, og er jo slettes ingen fjas, åå neida. Eller så er det fordi eg er skuffa over at dei var totalt ute av fokus då eg lasta dei inn på dataen, sukk.
Eg har alltid tenkt at naturfotografi høyrer heime i ein lokal fotoklubb, der vi vurderer flotte bilete av lyng i sunnmørsalp. Nei, eg vil ikkje vere med i fotoklubb. Ikkje, som i aldri. Men tjohei! Dette var jammen kjekt. Eg trur eg kjem til å ta fleire bilete av uttrykksfullt ugras i hagen og lyng i fjella i sommar, på eige initiativ. Wow.
Trykk om du har eit trykkande behov for å sjå større versjonar. 55-200 mm = flott for å ta bilde av natur, ting som er langt vekk og detaljerte bilete av oppi nasa mi. Nei, eg har ikkje eksempel å vise av nasebileta. Det ville rett og slett ha vore for fjasete, og er jo slettes ingen fjas, åå neida. Eller så er det fordi eg er superskuffa over at dei var totalt ute av fokus då eg lasta dei inn på dataen, sukk.
Eg har alltid tenkt at naturfotografi høyrer heime i ein lokal fotoklubb, der vi vurderer flotte bilete av lyng i sunnmørsalp. Men tjohei! Dette var jammen kjekt! Nei, eg vil ikkje vere med i fotoklubb. Ikkje, som i aldri.













SISTE KOMMENTARAR