Det har seg slik at no når eg ikkje kjem opp i eksamen før neste veke, har eg veldig lyst til å ta blå bilete. Men eg har berre eit 55-200 mm objektiv med manuell fokus som fungerar for tida. Det er ganske dumt, i og med at eg trivst best på 35mm og med autofokus. Standardobjektivet som eg øydela fungerer framleis på 36 mm (og berre 36!), men det er noko anna rart som skjer som gjer at alt berre går til helvete, og det gjer at eg gir opp. Så no vert det enten kjøp av nytt 18-55 mm eller salg av kamerahus. Sistnevnte vil seie at eg kjøpar meg eit nytt, litt bedre kamera, men begge delar vil i praksis seie at eg må vokte kameraet med livet som innsats og dette som inspirasjon.
HALLO
Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.


BESØK
- 11,289 visningar
SISTE
KATEGORIAR
BLOGGDAGAR
Folk og fe
Ting

FLICKR
|

BRAHEIT, FLOTTLEIK
Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

SISTE KOMMENTARAR
| gullapp på Filmrull | |
| tinekatrine på God jul | |
| kå på Filmrull | |
| Lyche på Filmrull | |
| ole//wombat på Filmrull |
SØK







0 Svar to “Blå”