Eddur beddur

Eg hadde eigentleg gått og lagt meg, men så kom eg på at eg ikkje hadde pussa tennene eller smurt leggane mine med heitur pottur bodylotion. Så det første eg gjorde var sjølvsagt å smørre leggane. Ikkje med ordentlig heiturpottur-smørning, då trur eg at leggane mine hadde blitt skolda og at eg ville fått ein slags infeksjon (svartedaudir). Dei dusjar nemleg ikkje på Island. Varmevatnet luktar nemleg råtten egg.  Dei sett seg derfor rett ned i kokekaret utan å ein gang ta av seg trusa under badetøyet. For det er slik ein vert rein på Island. Mmm, islendingefeitt over heile meg. Så gjekk dei konkurs, og ingen hadde råda til å bade i offentlege mudpits lenger. Så då måtte dei sjå seg nøydde til å dusje.

Etter denne tankerekka kom eg fram til nokon gøyale punkt som eg tenkte eg skulle skrive ned å vise fram til i kære leserer. Men eg gløymde alle unntatt den om 17-år-gammal-gut-i-hovudet-tendensar og My little pony. Faktisk så har eg gløymt heilt kva eg skulle fram til med den sytten år gamle guten i hovudet (småschiz, eg, neida), og er no meir opptatt av ponniane og at eg fant ein samlepakke med filmane på posten, og at eg derfor skulle hatt bursdag oftare. Konkurranse: kor gammal hadde eg vore om eg hadde hatt det? Eg konkluderar med at eg må pusse tennene.

0 Svar to “Eddur beddur”



  1. No Comments Yet

Legg att eit svar




HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 10,646 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

juni 2009
M T W T F S S
« May   Jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
mylittleponylogo

FLICKR

dag 33

dag 34

dag 32

dag 31

dag 30

More Photos
hk

JESS

bloglovin

Blogglisten

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones