Arkiv for juni, 2009

hei roskilde

P7060081

Skjer dette igjen, svergar eg på at eg legg meg ned i gjørma og dør. Eg er altfor stressa over at eg skal klare å komme meg til Danmark på eiga hand. Passe på meg sjølv og greier. Dette greide eg jo fint då eg var (berre) 17 år! Kva er endra no då. Sei meg det. Kanskje det hadde vore ein idé å pakke. Ta med liggeunderlag og greier. Jadda. Bør gå å skrive ut bussbilletten slik at eg ikkje vert eigd i Oslo. Så bør eg leggja meg og stå opp for å selge lotto i sju sveittande timar.

Kjøpe knekkebrød. Byrje å pakke. Løyse sudoku. Ta bussen.

Typocalypse no!

Som den mediaeleven på vgs eg aldri var, presenterer eg noko så ukonvensjonelt som å seie det med skrifttype:

Takk til Lars Willem Veldkampf og hans Typocalypse.

Ferdig.

mari

Då var eg ferdig med vidaregåande skulegong. Skal eg liksom bli voksen no?

post examen anglicum

- slette e-post
- skru av datamaskina
- fare på fjellet

Stefan Brüggemann

Verknadsfullt nok.

Stefan Brüggemann

inspirational tune

Det er tid for ei brukardose powertothepeople. Damn strait. Totally called for. Eg har nemlig rydda rommet. Veldig viktig. Engelsken er her fordi eg vil litt opp i eksamen i engelsk. Då må eg snakke engelsk.

55-200 mm, småsuksess

Dette er ein vurdering av korleis eg syns det gjekk med 55-200 mm objektivet (orddeling? det store spørsmålet):

DSC_0182 DSC_0235

DSC_0209 kopi

Trykk om du har eit trykkande behov for å sjå større versjonar. 55-200 mm = flott for å ta bilde av natur, ting som er langt vekk og detaljerte bilete av oppi nasa mi. Nei, eg har ikkje eksempel å vise av nasebileta. Det ville rett og slett ha vore for fjasete, og er jo  slettes ingen fjas, åå neida. Eller så er det fordi eg er skuffa over at dei var totalt ute av fokus då eg lasta dei inn på dataen, sukk.

Eg har alltid tenkt at naturfotografi høyrer heime i ein lokal fotoklubb, der vi vurderer flotte bilete av lyng i sunnmørsalp. Nei, eg vil ikkje vere med i fotoklubb. Ikkje, som i aldri. Men tjohei! Dette var jammen kjekt. Eg trur eg kjem til å ta fleire bilete av uttrykksfullt ugras i hagen og lyng i fjella i sommar, på eige initiativ. Wow.

Trykk om du har eit trykkande behov for å sjå større versjonar. 55-200 mm = flott for å ta bilde av natur, ting som er langt vekk og detaljerte bilete av oppi nasa mi. Nei, eg har ikkje eksempel å vise av nasebileta. Det ville rett og slett ha vore for fjasete, og er jo  slettes ingen fjas, åå neida. Eller så er det fordi eg er superskuffa over at dei var totalt ute av fokus då eg lasta dei inn på dataen, sukk.

Eg har alltid tenkt at naturfotografi høyrer heime i ein lokal fotoklubb, der vi vurderer flotte bilete av lyng i sunnmørsalp. Men tjohei! Dette var jammen kjekt! Nei, eg vil ikkje vere med i fotoklubb. Ikkje, som i aldri.

Blå

Det har seg slik at no når eg ikkje kjem opp i eksamen før neste veke, har eg veldig lyst til å ta blå bilete. Men eg har berre eit 55-200 mm objektiv med manuell fokus som fungerar for tida. Det er ganske dumt, i og med at eg trivst best på 35mm og med autofokus.  Standardobjektivet som eg øydela fungerer framleis på 36 mm (og berre 36!), men det er noko anna rart som skjer som gjer at alt berre går til helvete, og det gjer at eg gir opp. Så no vert det enten kjøp av nytt 18-55 mm eller salg av kamerahus. Sistnevnte vil seie at eg kjøpar meg eit nytt, litt bedre kamera, men begge delar vil i praksis seie at eg må vokte kameraet med livet som innsats og dette som inspirasjon.

The definition of suspense is

…eit eksamenstrekk, der ein ikkje kjem opp. I dag har eg vore råka av heftige eksamensnervar, og har difor kjededrukke te. Jepp, eg er tilbake på kjøret, men eg kom altså ikkje opp.  Derfor er dagen i morgon dagen der alt kan skje. Eller så kan det skje at eg kjem opp i religion. Det er jo også mogleg. Rett og slett kjempesannsynleg. Kvifor? KVIFOR? Illustrasjonsfoto av meg i religionstimane:

DSC00148

hehehheheheheheheheheheheheheheheheheheheheheheheheheheheheheheh no overgjekk eg meg sjølv her. Supermorsom.

Rainbirds

januar-1

Skal eg sette musikk til dette biletet, vil eg bruke Tom Waits si  Rainbirds. Eg har kanskje ikkje synestesi, men eg vil påstå sangen hørtes ganske ut som svart-kvitt-grått, og biletet såg ut som sangen. Noko slikt. Eh, dette vart rart. Men har ikkje eg snasne føter vel?

Eddur beddur

Eg hadde eigentleg gått og lagt meg, men så kom eg på at eg ikkje hadde pussa tennene eller smurt leggane mine med heitur pottur bodylotion. Så det første eg gjorde var sjølvsagt å smørre leggane. Ikkje med ordentlig heiturpottur-smørning, då trur eg at leggane mine hadde blitt skolda og at eg ville fått ein slags infeksjon (svartedaudir). Dei dusjar nemleg ikkje på Island. Varmevatnet luktar nemleg råtten egg.  Dei sett seg derfor rett ned i kokekaret utan å ein gang ta av seg trusa under badetøyet. For det er slik ein vert rein på Island. Mmm, islendingefeitt over heile meg. Så gjekk dei konkurs, og ingen hadde råda til å bade i offentlege mudpits lenger. Så då måtte dei sjå seg nøydde til å dusje.

Etter denne tankerekka kom eg fram til nokon gøyale punkt som eg tenkte eg skulle skrive ned å vise fram til i kære leserer. Men eg gløymde alle unntatt den om 17-år-gammal-gut-i-hovudet-tendensar og My little pony. Faktisk så har eg gløymt heilt kva eg skulle fram til med den sytten år gamle guten i hovudet (småschiz, eg, neida), og er no meir opptatt av ponniane og at eg fant ein samlepakke med filmane på posten, og at eg derfor skulle hatt bursdag oftare. Konkurranse: kor gammal hadde eg vore om eg hadde hatt det? Eg konkluderar med at eg må pusse tennene.

Bært

Tok dette biletet for vel 2 og eit halvt år sida. Eg huskar at eg likte veldig godt brunt på denne tida, og at eg måtte ha ein bruntone i alle bilete, men eg huskar òg at eg ikkje likte dette biletet. No gjer eg riktig nok det, det kjem fram i denne veldig reflekterte konklusjonen. Eg er nemlig kjempereflektert.

No skal eg vere litt ekkel

No skal eg vere noko eg ikkje likar: moteblogg.com. Eg skal blogge om klesplagg eg vil ha, for eg likar jo kler ganske godt. Denne kjolen er frå Indiska, og eg vil ha den. Den var veldig fin. Sånn, ferdig.

2599_2009436173427533284

Og Katzenjammer (dei skal på Roskilde!).

Låkt

Eg får knauda av å drive å ikkje skrive skikkeleg, eg får knauda av at det ligg ei bok på golvet mitt som eg ikkje har lest i sidan april, eg får knauda av at eg snart er ferdig med skule. Eg får spesielt knauda av at det er mindre enn 3 månadar til eg flyttar vekk frå ein rimeleg fin og flott plass, til ein plass der eg ikkje vil komme til å få spørsmål om kor eg er frå helst då, ja nei ej haurde du ikkje va herffrå nei, ja va nordal du heitte, du e kanskje  inna der? ja, nei å va det såppas ja, janei dei heite no helst son og dottir der ja. Jaah nei so de enno so grætt. (bonusround: ja e du mykje der oppe, då? )

Sistnemnte her er kanskje ein ting eg kunne klart meg uten: At ein (erke)sunnmøring ikkje klarar å konkludere med noko som helst lenge orda ja og nei finst. Gjer dokke! Men no får eg knauda av å flytte her i frå. Kan finne på å gjere låkt. Ska pinadet ikkje være greit.

DSC_0252DSC_0891desember (40)DSC_0779DSC_0577DSC_0005

(la ut bilde av rote mitt, gjor eg)

DSC_0252

Moodboard #3

Hei, eg heiter Mari og eg likar Tool og My little pony.

My_Little_Pony

my-little-pony


HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 11,272 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

juni 2009
M T W T F S S
« May   Jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

bloglovin

Blogglisten

mylittleponylogo

FLICKR

dag 75

dag 74

dag 73

dag 72

dag 71

More Photos
hk

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones