Arkiv for mai, 2009

Grunnar til å like dette biletet

crop icecream

  1. Sommaren 2007 var ein bra sommar
  2. Fujica st605 var det beste kameraet
  3. Naustet har den beste kule-isen
  4. Lyslekasje var hell i uhell
  5. Stine e fine, sjølv om ein ikkje kan sjå ansiktet hennar

Eg har ikkje solkrem

I dag har eg spist jordbær, prøvd å unngå sola, gått barbeint i skogen, sippa litt meir over kameraet mitt, lest dagbladet, ikkje forstått kvifor eg las dagbladet og svetta. MLIA

Ellers: 4,13 gb med musikk, mp3-spelar med 4 gb lagringsplass. Korleis skal dette ende.

How do I live without you

Uten navn

…og den første sangen eg tenkte på var 90-tals hiten How do I live.  På tide å skaffe seg eit liv, då eller. Slutte å tenke i nittitalsbaladar i allefall.

pakpao

Frå deviantart, ei side eg eigentleg ikkje heng på lenger, men er innom litt no og då for å sjekke pakpao, eller Emir Ozsahin som han eigentleg heiter, og ingen andre.

Oren Lavie


Må vere den mest kreative videoen eg har sett på lenge!

Programfesta til å gi faen

Eksamen var eit einaste stort kleineparty. Eg har ikkje akkurat nokon vidare god kjensle for dei to neste. Så då tenkte eg at eg skulle sjå sesong 3 av Skins og utvise kjeldekritikk mot den i staden. Grur meg til valet i haust, sidan eg knapt nok veit kva regjeringa i Noreg held på med. Eg fann omsider ut at ho var den UTØVANDE makta i dag klokka 40 min før innleveringsfrist. Veit då faen eg ass. Eg skal i allefall ikkje verte politikar, eg skal berre sjå på.

Eksamensførebuing pt 2

Samt: Eg vil amputere ryggen og om eg ikkje stryk på denne eksamenen lovar eg å verte politisk aktiv. Jens we can!

Eksamensførebuing

tussrussusstusj

Finst der noko bra ordspel med ordet russ i?

DSC_0504

Har gitt vekk alle russekorta og sussekorta og plussekorta, og Narvesen solgte sikkert 300 liter is på 17. mai. Den einaste dagen då eg ikkje hadde på meg russekler var den dagen eg gjekk kledd som Pippi, men eg var mest flau over Edmund som splitta buksa si då han bjeffa framfor hundematen i 5 min. Slikt får ein russeknuter for. Eg tok i alt 17 russeknuter, det er ganske fattig, men også ganske bra når det eigentleg var ganske tilfeldig kva  knuter eg tok. Unntatt den for å vere heisførar med pinlig heismusikk, den skulle takast! Det kan også nemnast at eg sjokkerande nok hadde på meg ein russebukse i heile 10 minutt, før eg forbanna heile jævelen og skifta til the awesomeness. Crazy bananas. Eg har ikkje kondis lenger heller. brb luna på shell

DSC_0054

Kanskje eg skal puste litt òg

Framleis russ, kjempar med siste skulearbeidet, er fortvila over at tida går så fort, har framleis 400 russekort igjen,  og skal jobbe litt for mykje i forhold til alt dette. Men eg har Two Gallants. Og når alt dette er over og eg har ein fridag, skal eg lese ei bok. Berre puste og lese bok.

Sanning

Eit av desse innlegga som manglar tittel

I dag var det så mykje melankolsk, norsk musikk i øyrene mine at eg tok meg sjølv i å sette på Rage Against the Machine. Eg trur det finst ein klubb som heiter “Norske Menn som spelar melankolsk musikk med engelsk vokal” der Thomas Dybdahl og Øystein Greni er særleg aktive. Og så finst det ein klubb som heiter “basslina i all neopunk”, den har eg høyrt særleg mykje på i dag. Eg tenker ein kombinasjon av dei to klubbane ikkje er å forakte, men akkurat no? Eg skal jo ikkje sove og eg hadde jo ikkje akkurat tenkt å verte galen før morgondagen gryr. Eg hadde heller ikkje tenkt å sitte her å skrive om ein historisk person ei veke før karakterane skal setjast, men slik går det når nokon ikkje tenker seg om før nyare historie-fuglen er flogen. Og denne nokon var visst ikkje meg sjølv. Kritikken er herved retta mot deg.

fredag den åttande mai

deux

Skulle ønske beina mine var like fine når eg skrubba opp knea. Det har eg då oppdaga at dei ikkje er.

Big Bang – Something Special

Festspelkrus

Skru opp natta

sløkk alle lys

syng meg i søvn.

Dette står på festspelkruset frå 2004.
Helsing Frode Grytten.

Twilight (2008)

Eg såg Twilight i går. Det verka som ein god idé etter å ha sett 30-sekundersversjonen med kaninar. Dette er historia: Jente flyttar til ein ny plass og møtar ein gut. Dei forelskar seg. Vri: Han er vampyr og har vore 17 år ei stund. Åja, og så vil han eigentleg ete ho.

Eg skal innrømme at det verka som eit interessant plot. Eg skal også innrømme at eg likar vampyren Edward Cullen. Han er jo så pen, atte. Men det får vere måte på kor ein film ikkje skal henge på greip. Ting verkar skvist inn, sannsynlegvis fordi ein har ville vise fram mest mogleg stilig av ei overdådig populær bok. Denne populariteten kan seiast å vere nesten like overveldane som mystisismen dei tvingar over kvar ein minste scene.  Dei skal ha kudos for å ha prøvd, men innovative kameravinklar og ei stemningsfull blåtone kan neppe gjere opp for det elendige skodespelet ho derre jenta i hovudrolla stod for.

Samtidig merkar eg at eg har ein indre feminist når same jente på død og liv skal gi opp alt for ein fyr som gjer at det nettopp skal handle om død og liv. Og for ikkje å snakke om å sitte gjennom 2 timar med replikkar som høyres ut som om dei kjem frå ein kioskroman. Det er altså ingen grunn til å tru at det er eit stort litterært verk filmen er basert på. For å vere heilt ærleg, trur eg ikkje at eg gidd å lese 4 mursteinar av nokon bøker om kor inderlig forelska denne Bella er.

Folk har  allereie sløya meg for min negativitet til Twilight, men herregud då. Eg les heller ein norsk ungdomsroman om menstruasjon og seksuell debut. Eller Charlotte Isabel Hansen ein gong til, for føffaen azz. Skal ein først spy, så skal ein spy skikkelig.

I think I like it

Eg har sikkert berre sove 3 timar i natt, men det vart ein bra start på russetida! Slo opp med ein framand på gata gjor eg òg. No skal eg ete suppe, ta på meg russekjolen og fare ut å gå. Sidan skal eg på jobb, og arbeide på 1. mai, oj oj.

russekjole


HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 10,890 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

mai 2009
M T W T F S S
« Apr   Jun »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
mylittleponylogo

FLICKR

dag 48

dag 47

dag 46

dag 45

dag 44

More Photos
hk

JESS

bloglovin

Blogglisten

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones