Arkiv for september, 2008

-.-

Eg ønskar meg ein gul kjole, betre konsentrasjon, varm kaffi (og at den berre skal materialisere seg etter mi vilje), samt fleire timar i døgnet.

I og med at slikt ikkje skjer utan vidare, trur eg at eg startar med å lage kaffi. Så får vi sjå kor det blir med resten av ønska.

Frustrasjon

  • Lærarhandskrift (eg har akkurat tatt notatar om forholdet mellom marknadfest og skriftlegskyrt økonomi).
  • At eg ikkje kan å lage kaffi.
  • Mobil som likar å skru seg av.
  • Kassasystem som får system failure med 8 travle kundar i butikken.
  • Mangel på pålegg og rosiner når eg skal ete frukost. Der var forresten ikkje brød heller.
  • Gal katt.
  • Kleskap uten hyllar i skapet og sammenraste skuffar (no på golvet).

Days of Being Wild

Stine var på besøk hos meg for å sjå film. Ho hadde med seg ein gode slomp med filmar. Valget var jammen vanskelig, men vi, eller eg, eller Stine, endte opp med ein kinesisk film frå 1990. Namnet var A Fei zheng chuan, men sidan eg går ut i fra at ingen her kan kantonesisk trur eg vi berre seier at den heiter Days of Being Wild. Eg skal være nokså ærleg å seie at det ikkje var den lettaste handlingen å følge med på, men karakterane og fargane! Og scenene! Og rumba i bakgrunnen! Eg har no gjort det til ein misjon å finne tak i heile soundtracket. Ja, og filmen handlar om ein kar i Hong Kong på 60-talet, som har ei alkoholisert mor og nokon kvinner. Også skjer det noko meir, som eg ikkje vil seie kva er, i tilfelle det er viktig.

H&M og Martina Topley-Bird

http://www.hm.com/no/#/fashion10/

Eg likar nyekolleksjonen frå hennes og mauritz, eg med mi kjærleik for klede vert det nokon plagg denne hausten.

Eg har allereie kjøpt denne her fine her, den har fått navnet gin-kjolen, fordi då eg tok den på meg tenkte eg at denne kjolen hadde det passa å drikke gin i. høh

OG HVIST DU SER REKLAMA PÅ TV må du merke deg bruken av songen til Martina Topley-Bird, “Need One” !! …Åheidu, no blogga eg om mote, det var litt meininga men eg kjenner ein viss avsky, i og med at eg ikkje vil skrive mykje om mote. Slik som dei fire tusen og førtisju hundre andre bloggane på veven. Du veit.

herregud

No er eg så drit lei alle kommentarane som vert lagt igjen på artiklane på dagbladet.no. På kvar ein bidige sak som handlar om populærkultur eller berre litt fjas, kjem den same kommentaren frå ein eller annan luring om at dei snart må ta dei seriøse lesarane på alvor. Dei seriøse lesarane av ei nettavis.

 

fnis.

bildepost

 


HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 11,289 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

september 2008
M T W T F S S
« Aug   Oct »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

bloglovin

Blogglisten

mylittleponylogo

FLICKR

dag 75

dag 74

dag 73

dag 72

dag 71

More Photos
hk

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones