212

Eg vert så forbanna idérik seint på kvelden/tidleg på natten. Synd at eg ikkje har noko å syssle med akkurat no. Derfor tyr eg til wordpress. Akkurat no ser eg på ein litt søt engelsk film på NRK. Utrulig! No brann dama melka på konfyren, og helte vin over det? Verkar som ein romantisk komedie med litt aidensfieldsk stemning. Mulig eg ser heile fimen!

Elles er det sumarferie no, men eg ser lite til den, i og med at eg er travelt oppteken med å karre til meg pengar. Eg var ein tur på Hove-festivalen at med venane mine, men det er for seint å lage til eit innlegg om det no, det er godt over ein månad sidan i var der. Kjekt var det uansett.

Og etter at eg har skrive ferdig dette, skal eg lese vidare på I am Charlotte Simmons av Tom Wolfe. Den er kjempekjekk å lese! Sikkert fordi at den er interessant. Underhaldning i bokform, OJ LIKSOM.

0 Svar to “212”



  1. No Comments Yet

Legg att eit svar




HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 10,646 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

august 2008
M T W T F S S
« Jul   Sep »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
mylittleponylogo

FLICKR

dag 33

dag 34

dag 32

dag 31

dag 30

More Photos
hk

JESS

bloglovin

Blogglisten

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones