Arkiv for juni 11th, 2008

Faktaoppdatering og Françoise Hardy

Sida klokka no har bikka midnatt, og eg sit og hører på Françoise Hardys franske kjærleikssongar frå 60-talet, tenkte at eg kunne ta ein aldri så lita oppdatering. Denne oppdateringa kan komme i skade for å innehelde nokon lette fakta om Françoise Hardy, men det er ingenting å felle tårar over.

Eg er no så godt som ferdig med det andre året i den vidaregåande skulen (eg overlevde med god margin, eventuellt margarin). Men før eg kom så langt hadde eg eksamen i Fransk, skriftleg. Det var litt det eg håpa på, å i det heile teke komme opp i skrifleg i staden for munnleg (vi må nemleg opp i ein av delane på Vg2). Eg tok sikte på å berre tenke fransk i tida før eksamen, men det var heller ufuktbart. MEN – det var då eg kom over Françoise Hardy, født 17. Januar 1944. Ho er både sangar, skodespelar og astrolog, og forutan dette eit ikon i fransk kultur (og i øvrige frankofile land). Det var ein litt meir kreativ måte å verte forberedt på eksamen, enn den sedvanlige repeteringa av verb og slike ting. Diverre er det slik musikk som på et eller anna vis eg endå ikkje er heilt klok på, klarar å halde meg våken ut i dei små timar. Det gjekk heldigvis bra, eg snudde ikkje døgnet heilt på hovudet, sjølv om det var nære på.

Ein annan lur ting å gjere rett før eksamen, var å halde togaparty kvelden før. Det var riktig nok ikkje ein franskinspirert handling, men kjekt var det. Vi hørte på bozoukimusikk på kassett og hadde på oss toga. Kvifor? For å overrumple eit bursdagsbarn, vel. Det funka.

På sjølve eksamensdagen gjekk alt strålandes, meinar eg, etter som om at alt handla om Tour de France (kjekt).

fr2

Françoise Hardy lever i beste velgåande, har vorte 64 år og jamvel gjennomført eit comeback. Om ho brukar å sjå på Tour de France vitast ikkje, men eg skal i alle fall sjå på det. Om eg får sove.


HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 11,289 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

juni 2008
M T W T F S S
« May   Jul »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

bloglovin

Blogglisten

mylittleponylogo

FLICKR

dag 75

dag 74

dag 73

dag 72

dag 71

More Photos
hk

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones