Som vanleg, verken klokare eller meir klemmete

Å klemme syntes som ein fin ting. Det seiast at for å vere generellt sett lukkeleg, treng ein minst ein klem frå eit medmenneske kvar dag. Påstandar om at verda ville våre ein betre stad om alle bare klemde oftare, har florert sidan Woodstock og endå litt til. Eg synst klemmar er fine. Eg har vore ein klemmar. Men ein gong i tida forandra det seg. Eg slutta å klemme folk som ikkje tilfeldigvis har vore i livet mitt heile tida. Klemmane til andre vart halvhjerta og aldri så lite kalde. Kvifor vart det slik? Eg har fundert på dette lenge. Og eg har ikkje nødvendigvis komt fram til noko vetugt svar, om du trudde det var det som kom no. Det einaste svaret eg har komt fram til er det at eg må vere litt mindre glad i fysisk kontakt utover det som strengt talt er nødvendig. Eg er meir glad i handtrykk. Korte og presise handtrykk.

hei

Men desse klemmane. Kvifor likar folk dei så godt? (jada eg kan sikkert skjøne det sjølv, men no skal vi altså til bunns i dette). Det er muligens fordi det er ein måte å vise hengivenheit mot nokon ein er glade i. Det rimar lite, om ein skal klemme alle i verden i hytt og pine, for er ein eigentleg glade i gud og hvermann? Eg har grunn til å tru at ein ikkje skal gjere det, heller. Kvifor? Fordi at når ein klemmer nokon, i allefall om ein er kvinne, og om denne klemmen varar i vel 20 sekund, kan hjerna finne på å sende ut signalar om at “her var det jammen einkvan ein kan stole på!” Sjølv om det ikkje nødvendigvis er det ein burde. Uhørt? På nokon amerikanske skular har dei bestemt seg for at det beste for alle hadde vore om dei ikkje klemde på skulen i det heile, om dei sparte slike syndige sakar til fritida. Litt vel strengt kanskje, men så klemmer eg ikkje så mykje gjennom ein skuledag at det utgjer nokon forskjell. Og, tja. Difor gjer det ikkje meg noko.

Hadde det vore opp til meg, skulle alle ha klemma litt meir i det daglige liv, inkludert meg. Men det har seg slik at ein ikkje vil klemme alle. For ein er verken glade i alle, eller glade i å klemme nokon med ein framtoning/kroppslukt/tilfeldeg nakenheit. Slikt skjer.

Ellers, om du synst eg berre babla babbel om noko, kan du a) skulde på min kalde framtoning, b) lese http://en.wikipedia.org/wiki/Hug, eller c) kose deg med denne YouTube-videoen, som verkeleg er verdt det.

2 Svar to “Som vanleg, verken klokare eller meir klemmete”


  1. 1 Hanne 6 mars, 2008 ved 08:20

    KOSLIGASTE KLEMMEVIDEOEN

    no vart eg glad

  2. 2 Henrik 9 mars, 2008 ved 17:19

    http://youtube.com/watch?v=ZaOX1n-0dMs

    må jo ikkje vere borti folk for å klemme.

    *islandsk musikk*


Legg att eit svar




HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 11,289 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

februar 2008
M T W T F S S
« Jan   Mar »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829  

bloglovin

Blogglisten

mylittleponylogo

FLICKR

dag 75

dag 74

dag 73

dag 72

dag 71

More Photos
hk

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones