Spam spam spam

Lovely spam. Heldigvis har vi spam-blokade på wordpress (legg merke til bruken av vi). Om vi ikkje hadde hatt det, hadde det ikkje vore godt å seie kva som hadde skjedd. Til dømes var eg tilfeldig innom spam-oppsamlinga, og der fann eg eit blokka innlegg som inneholdt ikkje mindre enn 4817 obskøne ord. Kven som hadde valgt å skrive så mange ord utan å eigentleg komme fram til noko er ikkje sikkert, men eg gjettar på ein av dei ti austeuropearane som visstnok skal stå bak mesteparten av verdas spam.

Men kva er eigentleg spam? Sjølve ordet kjem fra ’spiced ham’, ein ukjekk og litt dvask kjøttype som var litt kjekkare og mindre dvask å ha under andre verdenskrig, då det var lite anna å få tak i. Dette var i England vel og merke, her i Noreg hadde vi våre poteter, og vi er visst ikkje leie av dei endå.

Spiced ham og dagens spam er merkbart like, med at det er overalt, alltid og du har litt lyst til å spy av det. Ikkje fordi det smakar så utruleg ekkelt, men fordi det er så dørgandes kjedelig. Oi, når eg tenker på det, tenker eg ikkje over spam lenger heller! Det er sikkert fordi der finst så mange kjekke spam-blokader på internetten.

Noko som ikkje burde blokkerast, er den udødelige sketsjen signert Monty Python om, ja nettopp – Spam. Om ho Hanne les dette innlegget, kjem ho nok til sitere noko fra akkurat den.

Spam spam.

0 Svar to “Spam spam spam”



  1. No Comments Yet

Legg att eit svar




HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 10,984 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

januar 2008
M T W T F S S
« Dec   Feb »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
mylittleponylogo

FLICKR

dag 52

dag 51

dag 50

dag 49

dag 48

More Photos
hk

JESS

bloglovin

Blogglisten

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones