Janei, der var vi i gang igjen med denne nyvinninga, dette med å lage ord av adjektiv + bindingar som ikkje eigentleg høyrer saman, men som er fine fordi om.
No skal eg fortelje deg grunnen til frekkleiken. Det er det kjedeligaste eg har opplevd, også det argaste. Eg var ein eigar av ein mobil, så kom rom 202, så kom matfriminuttet, så kom ein uidentifisert person som fant det for godt å late den vere der den låg. Jo før eg var tilbake for å hente den, jo før var den vekk. Og det har den vore i ei veke no, saknet er stort og eg er mektig forbanna. Eg ringde til den (då var den på), og sendte ei melding der det stod at denne mobilen her er djupt sakna av meg FÅÅÅ DEN. Så vart den avslått.
Ukjekt. Om du ser nokon med ein så smått oppjult svart Sony Ericsson, ein sånn fin ein med walkman og shit, som det tilfeldigvis står Mari bakpå (ja det gjer det faktisk litt), ta kontakt.










SISTE KOMMENTARAR