Vanskene med å skrive ein god tekst

Eg har aldri vore ein som held på med eit prosjekt over lengre tid. Eg har alltid hatt flyktig konsentrasjon, og treng nye og nye ting å gjere på. Derfor vert tegningar enten ferdige på kort tid, eller ikkje ferdige i det heile. Skuleoppgåver vert skrivne på den same kvelden som dei skal leverast inn, aldri før. Og derfor er alt litt halvferdig, og gjerne halvgodt og. Så, halvferdig og halvgodt kan i matematisk betydning berre tyde at alt eg gir meg ut på vert gjort med 25 % innsats.

Ingen reglar utan unntak. Eg har i nyare tid tatt meg i å plokke opp gamle tegningar og slikt, berre for å fortsette på det slik at det vert eit ferdig produkt. Eg synst dette var nytt og friskt av meg, men det gjeld altså berre for ting som er tegna og som ikkje inneheld bokstavar saman sett til lengre tekstar. Lange seriøse tekstar er noko eg vanlegvis skyr som pesten. Det vert gjerne nytta humor, munnleg skriftspråk og eit og anna ukvemsord for å gjere det mindre ubehageleg å skrive. Slikt som ukvemsord er nemleg ikkje ukvemsord i mitt ordforåd, sjølv om eg i det siste har tatt meg i å seie “Faderullandei!” “Hornsalt!” eller “Hellemyr!” og såklart “Fy Fabian.” Og om eg ikkje er useriøs og lettsindig, mister eg som oftast raskt interessen.

Så kvifor er lange tekstar så vanskelege for meg å skrive? Kvifor er det så vanskelig for meg å formidle bodskap på ein ordentleg, skriftleg måte? Eg får det jo så absolutt ikkje til munntleg, ikkje fullt ut i allefall. Det kan vere eit problem at tankane (det psykiske) går mykje raskare enn heile mi menneskelige form (det fysiske) og dermed er langt vekke når eg omsider har summa meg til å omgjere dei til språk.

Det er nettopp dette eg meiner er problemet. For raske tankar. Ganske greit, og det kan svare på kvifor alt er som det er. Og på kvifor dette blogginnlegget tok over ei veke å skrive.

0 Svar to “Vanskene med å skrive ein god tekst”



  1. No Comments Yet

Legg att eit svar




HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 10,890 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

november 2007
M T W T F S S
« Oct   Dec »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  
mylittleponylogo

FLICKR

dag 48

dag 47

dag 46

dag 45

dag 44

More Photos
hk

JESS

bloglovin

Blogglisten

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones