Arkiv for oktober 13th, 2007

Haustferie

No i veke 41 har eg og ein god del andre hatt haustferie. Haustferie er noko som ikkje bør avskaffast, for eg var dritlei av skulen og trengte ei lengre pause. I denne vesle veka som eg og mange andre har følt fridommens bris blafre om øyro, har eg slaska litt, vore på Moa, jobba litt, tegna, laga kake, dråkke kaffi og forsømt dei daglege behova i lag med ett og anna skulearbeid. No skal eg levere denne fordømte teksten om eit sosialt system, som var forventa å bli fem sider, men som endte opp på ei og ei halv. Resten av haustferien (ei og ei halv dag) skal gå med til å skrive essay om den norske sjølvfølelsen i norsk. Rettelse: eg skal sjå 300 og spele munnspill. Også kanskje gjere litt. Jobb om tre-fire kvarter, hej!


HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 10,646 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

oktober 2007
M T W T F S S
« Sep   Nov »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  
mylittleponylogo

FLICKR

dag 33

dag 34

dag 32

dag 31

dag 30

More Photos
hk

JESS

bloglovin

Blogglisten

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones