I dag fekk vi oss digital tv med parabol, og tok då steget inn i ei ny verd, langt vekk frå den vi har oppholdt oss i hittil. I den var det tre kanalar med litt ustabilt system, i den nye 8 krystallklare kanalar. Trudde vi. Då eg bladde litt gjennom kanalane var det noko som ikkje stemde heilt. Først kom Animal Planet, og då vart eg så klart glad for det er tidenes kjekkaste kanal, også fant eg heile serien med naturvitenskaplege kanalar. Himmel og hav, tenkte eg. Vidare fulgte eit utall film- og sportskanalar, musikk-men-ikkje-eigentleg-kanalar, Disney Channel, Visjon Norge og ein eller annan uhørt kanal, før eg omsider fant NRK (som då må vera det sveraste). Etter denne bladinga gjennom TV, la eg ein plan om å sjå Heroes og gjekk for å gjere noko anna. Då eg etter å ha sett Heroes var i fortumlingsfasen som gjerne fylgjer ein episode av ein slik serie, kom eg til å klikka ein gong for mykje på blade-knappen, og enda opp på kanal 515, PartyTv. Ein polsk kanal. Kva i svarte? Dette hadde ikkje eg venta. På grunnlag av denne oppdagelsen, la eg ut på ein ferd gjennom kanalane. Først litt mann med morsom gitar, så ein russisk kjekkas som sang kjærleiksongar på RodinaTv, ein dame med blond parykk som la tarot, HEROS TV – ein totalt overbevisande kanal om legemiddel, kjekk ung kar med klarinett (her bør Kristin ta notis) i eit kunst galleri, og masse musikkanalar som faktisk handla om musikk! I skrivande stund er eg fortsatt ikkje gjennom alle kanalane. Eg er heller litt overvelda og aldri så lite svett.
Forhåpentligvis vil alle kanalane forsvinne om kort tid, det er visst berre midlertidig før alt kjem i orden. Det sa nemleg mamma at han mannen sa. Så no slappar eg av med ein sitcom med han frå Six Feet Under og ho frå Frustrerte Fruer.
TV er ein uting.










SISTE KOMMENTARAR