
Sigur Rós ['siɰør roʊs] er eit band frå Island som spelar deilig síðrokk (postrock) på islandsk. Det visste mange sikkert frå før av, men eg fekk lyst til å opplyse om det uansett. Dei starta opp i 1994 og er Islands viktigaste eksportvare på lik linje med Björk og fisk. Sigur Rós fekk namnet sitt frå ei velsesyster med navn Sigurrós Elin og sjølve namnet tyder ”sigersrose.” På Island er det mange namn som startar med ‘Sigur’, både gutenamn og jentenamn. Det er 295 jenter på Island som har Sigurrós ['siɰørroʊs] som fornamn. Dei alfabetiserar alt etter fornamn på Island, elles så vert det forvirrande i ein eventuel telefonkatalog (símaskrá).

Poenget mitt med å skrive om Sigur Rós og Sigurrós er at eg likar bandet og namnet godt over det som er gjennomsnittet for å like desse to tinga, og eldre historie langt under gjennomsnittet.
Vart du klokare? Ikkje eg heller.

















SISTE KOMMENTARAR