Klassisk musikk, ein einsleg lampe i hjørnet, ein teikning og meg sjølv. Her, no, klokka 19:44 ein sundags kveld sit eg åleine foran dataen. Ikkje det at eg er deprimert eller noko sånn, her i halvmørket og skinet frå ein datamaskin. Eg er i likegyldig glad-humør. Maskina mi skal eigentleg nyttast til teikneunderlag, det nyttigaste sidan Open Office, men no har eg tatt ein pause frå den lysblå tusjen, og alle dei andre tusjane og fargeblyantane for den saks skuld. Teikning og datamaskin har vore uforeinelige i uminnelige tider for min sin del, men no går det betre mellom dei to, etter som den eine har vorte redusert til noko meir fysisk og mindre elektronisk (gjett då). Eg veit ikkje. Det er noko flott. Forresten, skal vi høyre neste klavertrio i radioen no! Det vert spennande. Dei spelar i dur og ikkje i moll. Det er avgjerande for stemninga. Det har nemlig eg bestemt. Og det er vel og bra at eg gjor det, for ellers kunne denne kvelden gått inn i ein dyster slutt.
HALLO
Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.


BESØK
- 10,984 visningar
SISTE
KATEGORIAR
BLOGGDAGAR
Folk og fe
Ting

FLICKR
|

BRAHEIT, FLOTTLEIK
Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

SØK






SISTE KOMMENTARAR