Arkiv for september 10th, 2007

På tide å blogge om bloggen

Bloggen min er ganske fin. Den setninga kunne i grunnen ha vore byrjinga på eit dikt eller noko sånt, men eg skal ikkje ta alt så høgtideleg. Det eg skal, er å blogge litt om bloggen min.

Bloggen min vart starta den 22. januar 2007, på syttenårsdagen min (sjå her). Det har vore kjekt og tildels useriøst heilt fram til i dag, 7 månedar og 19 dagar etterpå. Men i dag vert det seriøst, for i dag bloggar eg om bloggen min. IT’S SERIOUS BUSINESS TIME, eventuellt berre business time (no kan du sjå her).

Men det er ikkje fordi det er onsdag, at eg skal vere så seriøs. Det er ikkje onsdag, det er mandag, men uansett. Som du sikkert har lagt merke til, er denne bloggen på det finaste skriftspråket i verda, nynorsk. Fjell, fjordar og nynorsk. Får ikkje du lyst til å løpe i skauen med raude roser i kinna og vind i håret? Det er noko av det eg assosierar med med nynorsk. Men ikkje med bloggen min. Det er ein ganske stillesittande og kjedelig innendørsaktivitet, eg føler meg verken frisk eller opplagt etter å ha dilla med bloggen min. Håret mitt har ikkje den flate frisyren som ofte oppstår i kontakt med vind, og eg kjedar meg sannsynlegvis. Er ikkje halve poenget med bloggen at eg ikkje skal kjede meg (eller andre for den saks skuld). Er ikkje det poenget med (den utruleg kjekke) populærkulturen? Eg kjedar meg i alle fall. Eg og mine tretten kategoriar, inkludert uncategorized, kjedar oss. Men eg har i allefall bloggen min, og det er vel og bra.

TEAM BUILDING EXERCISE NINETY NINE


HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 10,984 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

september 2007
M T W T F S S
« Aug   Oct »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
mylittleponylogo

FLICKR

dag 52

dag 51

dag 50

dag 49

dag 48

More Photos
hk

JESS

bloglovin

Blogglisten

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones