Arkiv for september, 2007

litt ljos i mørket

Klassisk musikk, ein einsleg lampe i hjørnet, ein teikning og meg sjølv. Her, no, klokka 19:44 ein sundags kveld sit eg åleine foran dataen. Ikkje det at eg er deprimert eller noko sånn, her i halvmørket og skinet frå ein datamaskin. Eg er i likegyldig glad-humør. Maskina mi skal eigentleg nyttast til teikneunderlag, det nyttigaste sidan Open Office, men no har eg tatt ein pause frå den lysblå tusjen, og alle dei andre tusjane og fargeblyantane for den saks skuld. Teikning og datamaskin har vore uforeinelige i uminnelige tider for min sin del, men no går det betre mellom dei to, etter som den eine har vorte redusert til noko meir fysisk og mindre elektronisk (gjett då). Eg veit ikkje. Det er noko flott. Forresten, skal vi høyre neste klavertrio i radioen no! Det vert spennande. Dei spelar i dur og ikkje i moll. Det er avgjerande for stemninga. Det har nemlig eg bestemt. Og det er vel og bra at eg gjor det, for ellers kunne denne kvelden gått inn i ein dyster slutt.

Då!

Då var det tett før bloggen og eg bikka tusen vitjande! Dette er uhyre spanande. Om du er vitjande og ser tellaren stå på 1000, må du berre seie i frå! Livslang ære og kjærleik ventar deg. : )

For min del, ventar sosiologiprøve: Eg og samfunnet.

Eg synst vêret tek litt av

Der har regna pøs i fleire dagar, om ikkje veker, no. Kva er gale med litt opphaldsvêr i ny og ne? Eg blir reint arg, for eg finn ikkje støvlane mine. Og eg sit her inne og høyrer på regnskyllet, det høyrest ut som om nokon spylar med ein sånn kjempedusj på taket. Her ein dag rista huset av regnet. Men, eg likar fortsatt regnet, for det er så koselig å høyre på.

Kva synst du?

grøn krussedull

I dag føler eg meg som ein haug med avfall. Derfor, måtte eg gjere dette:

bartty_liten.jpg

Legg merke til barten.

På tide å blogge om bloggen

Bloggen min er ganske fin. Den setninga kunne i grunnen ha vore byrjinga på eit dikt eller noko sånt, men eg skal ikkje ta alt så høgtideleg. Det eg skal, er å blogge litt om bloggen min.

Bloggen min vart starta den 22. januar 2007, på syttenårsdagen min (sjå her). Det har vore kjekt og tildels useriøst heilt fram til i dag, 7 månedar og 19 dagar etterpå. Men i dag vert det seriøst, for i dag bloggar eg om bloggen min. IT’S SERIOUS BUSINESS TIME, eventuellt berre business time (no kan du sjå her).

Men det er ikkje fordi det er onsdag, at eg skal vere så seriøs. Det er ikkje onsdag, det er mandag, men uansett. Som du sikkert har lagt merke til, er denne bloggen på det finaste skriftspråket i verda, nynorsk. Fjell, fjordar og nynorsk. Får ikkje du lyst til å løpe i skauen med raude roser i kinna og vind i håret? Det er noko av det eg assosierar med med nynorsk. Men ikkje med bloggen min. Det er ein ganske stillesittande og kjedelig innendørsaktivitet, eg føler meg verken frisk eller opplagt etter å ha dilla med bloggen min. Håret mitt har ikkje den flate frisyren som ofte oppstår i kontakt med vind, og eg kjedar meg sannsynlegvis. Er ikkje halve poenget med bloggen at eg ikkje skal kjede meg (eller andre for den saks skuld). Er ikkje det poenget med (den utruleg kjekke) populærkulturen? Eg kjedar meg i alle fall. Eg og mine tretten kategoriar, inkludert uncategorized, kjedar oss. Men eg har i allefall bloggen min, og det er vel og bra.

TEAM BUILDING EXERCISE NINETY NINE

Politikk og sånn

Posten som tidelergare var oppført her, er no erstatta av ei oppfordring til alle om å gå å høyre på Curtains. MMMMMM.

 (Innlegget handla om skulevalg, fnæh :)


HALLO

Dette Eg-et heiter Mari, og skriv om Eg og ting Eg-et likar.

BESØK

  • 10,646 visningar

KATEGORIAR

BLOGGDAGAR

september 2007
M T W T F S S
« Aug   Oct »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
mylittleponylogo

FLICKR

dag 33

dag 34

dag 32

dag 31

dag 30

More Photos
hk

JESS

bloglovin

Blogglisten

BRAHEIT, FLOTTLEIK

Søvn, mat, matematikk, tusjpenn, blanke ark, kjoler, sokkar, øredobbar, stillheit, bråk, dei fem-ti minutta etter at ein har vokna og berre er tilstades, House, lukten av regn, fine overraskingar, sol, kaffi, te, venar, Fredag, Swordfishtrombones, musikk, skogen, elva, sjerf, selbuvottar, Annie Proulx, rein energi, Twin Peaks, Nine Inch Nails, gummistøvlar, Scrubs, vatn, kamera, Planeten Vår, Roskilde, fridom, John Frusciante, Tour de France, å gå, nestekjærleik, heime, nynorsk, teksta til "What a Wonderful World", herremenn, Explosions In The Sky, Bergen, Dag og Tid, heimelaga ting, å pusse tennene, kjærleik, Island, ting som lokta godt, blomster, bade i sjøen.

tom_waitsswordfishtrombones