Eg må tisse kjempemasse no, men det hindrar ikkje meg i å skrive eit høgst innhaldsfylt innlegg om det faktum at eg bør komme meg opp av sofaen og sjå meg i speilet, for eg er usikker på om eg fortsatt ser ut som eg nett har stått opp (noko eg gjorde for ca.. sju timar sidan). Idag har eg plukka løvetannbladar (dei gule) av løvetannblomstene, fordi mamma skal lage vin. om ca ein halvtime kjem Kristine og Hanne opp, satsar på å ha tissa før den tid. Eg har eit gammalt kamera som eg skal feste kjekk film inni, om eg får det til, for sidan å ta nokon bilete. Shocker. Eg leverte ei rull til framkalling her om dagen, og HÆRRÆGUD FOR EI KJEKKE KVALITET DU, DET MÅ ÆI BÆRE SEI.
Ånej, eg immiterte nettopp ein dialekt frå det store utland, på nettet, dette vert det skandale av.










SISTE KOMMENTARAR