Då eg skulle gå til skulen i dag, – blæ -, datt eg. Grunnen? Godt over ei veke eller to med snøfall, vakkert snøfall, og to dagar med smelting og regn. Og altfor lure converse-sko. Ja, eg er klar over at det ikkje er det smartaste i sørpeværet, men i dag orka eg kort og godt ikkje støvlar. Dei lagar den mest usjarmerande lyden når eg trampar inn på skulen og prøvar å sjå (og høyres) mest mogleg normal ut ovafor mine medelevar. Uten om dette, er dei svært praktiske. Men tilbake til i dag. Tøysko på sitt beste. Glatte heile vegen ned til skulen. Særs glade i søylepyttar. Fantastisk.
Eg meinte det gjekk bra fram til eg var nesten ved skulen. Eg hadde unngått å dette heile vegen! Men nei. Eg hadde knapt komt meg over gangfeltet, då det uungåelege skjedde. Eg datt. Helvete. Heldigvis klarte eg å gjere ein 180 og ikkje lande på rompa ned i snø-og-is-kavet. Alikavel var katastrofen gjennomført. Kliss blaut på leggane (du kan tru det såg bra ut), henda og litt til. Eg prøvde å settje opp altså-dette-her-skjer-ikkje-meg-til-vanlig-men-det-var-ikkje-pinlig-du-hehe fjeset mitt til forbipasserande, utan særleg suksess. Eg kom meg opp, traska trassig bort til øvre, og følte meg på topp der eg kom inn i vestibyla, sjåandes ut som ein annan bolle. Usminka, med våte leggar. It made my day.
-Dette var eit substitutt for å øve til franskprøve, noko eg vegrar meg stort for å gjere.











SISTE KOMMENTARAR