



Rull frå 2008
– Eg heiter Mari. Eg har blogg.




Rull frå 2008

I går måtte eg gå innom Fretex for å kjøpe bestikk til eit såkalla kunstprosjekt (avbilda), fordi eg sikkert hadde fått masse kjeft om eg hadde tatt nokre heimifrå. Dermed endte eg også opp med ein ny kaffikopp til å ha på skulen. Det var svakt, men eg har allereide drukke kaffi frå den 3 gongar, og dessuten vart gaffelgreia så innmari grei at eg syntes eg fortjente ein ny-brukt kaffikopp (diverre ikkje avbilda).
Det er utrulig korleis det finst så mange artiklar om at ingen kan å stoppe sokkar, og praktisk talt ingen om korleis ein gjer det. Utolmodig som eg er, heiv eg meg ut på det, utan stoppenål og utan å vite kva eg eigentlig gjor. Resultatet vart ganske trist…




Men etter å ha banna litt over kor udugeleg eg er fann eg ein trivelig video om korleis ein faktisk gjer det!
Det skal gå betre neste gong.
I går var den store opplevingsdagen! Først gjorde eg ein omlag tre kvater lang performance på skulen min (givar av opplevingar), og sidan var eg på konsert (mottakar av oppleving). Det var knall, spesielt sidan opplevingar ikkje let igjen jordlig skrot. Klarte heller å miste nøkkelbrikka til nevnte skule, så eg er vel one down på skrot-fronten. Dessverre var det litt viktig skrot. Men framleis knall!

Denne jenta er ein sjølverklært maksimalist, men i år skal eg prøve meg på eit ekte nyttårsforsett: å kjøpe mindre. Eg veit eg har kjøpt meir av det eg vil ha, enn av det eg faktisk treng. Det er nok derfor eg har skapet fullt i klede eg ikkje går med og bokhylla fylt med bøker eg ikkje har lese. Det seiast at vi går med 20 % av dei kleda vi har, 80 % av tida, i tilfelle du trengte litt statistikk.
Vi bur i eit land der vi forbruker mykje. Før jul ba ein økonomiekspert oss om å kjøpe ei ekstra julegåve, fordi vi hadde så sterk kjøpekraft, i forhold til resten av Europa. Sjølvsagt tenkte eg på å heller kjøpe denne ekstra julegåva til meg sjølv, men fant fort ut var at det eigentlig ikkje var noko eg trengte. I det heile tatt! Dette har gitt meg drivkraft til å prøve å vere fornøgd med det eg har frå før, i staden for å auke mengden for å føle meg betre.
Eg skal låne i staden for å kjøpe, bruke i staden for å berre eige, leve med i staden for å leve ved, og ikkje minst bruke pengar på opplevingar i staden for eigendelar. Sjølvsagt har eg lov til å kjøpe tannkrem, telys og bussbillettar! Det er nok av andre ting å ta av. Denne første månaden som anti-forbrukar skal eg:
…så får vi sjå korleis det går.
Sidan det fantastiske kameraet mitt takka for seg etter 5 år, må eg no oppsumere året 2011 med gifar, laga av bilete frå titusenkronerskameraet, også kjent som macbook med photo booth.

Noterte ned livet i ei pittelita bok pynta med klistermerker.

Hadde mykje på meg ullgensar frå Island.

Vart skikkelig ekkel, søt og klissete, og fant at det eigentlig var ganske fint.

Vart tante.

Flytta inn på eit loft, i eit hus, på ein haug.

Grodde hår.




Hekla hjarte av sjølvfarga garn (rødbet, blåbær, svart te, gurkemeie) fyllt med småstein og hengt i frå taket.

Ei lita taustige opp til hjartet vart det óg.

men så fekk ein endelig noko å bruke desse tilfeldige bileta frå i fjor til.

i år har eg samla saman ei liste på hundre ting som gjer meg glad. det kunne halde til dei dagane når ein ikkje klarer å komme på ein einaste grunn til å vere det.
1. når eg får til å koke egg som smiler
2. mjuke puter når ein er har hatt ein lang dag og berre vil sove
3. ligge på graset i sola og lese
4. familien min
5. når ting passar perfekt i lag i form og/eller farge.
6. å våkne midt på natta og rulle inntil ein varm kropp
7. å få ein øl frå nokon
8. å gi ein øl til nokon
9. når eit gammalt møbel som finn nytt liv i ein ny heim
10. bilete av folk som ler

11. ullsokkar
12. når ein når toppen av eit fjell
13. når ein våknar tidlig om morgenen fordi ein er utkvilt og har heile dagen framfor seg
14. å vere i lag med nokon
15. lage spinatpannekaker
16. skikkelig kaffi
17. uåpna ølboks frå bakken i mellom telt på ein sumarfestival
18. vennane mine
19. når nokon smiler for seg sjølv
20. kattunger

21. lange frukostar
22. å bake
23. å male
24. lukta av bøker
25. spontanitet
26. loppemarked
27. å bli fanga inn i handlinga i ei bok
28. å springe ned ein bakke (fordi du kan, vel)
29. våren i ein ny by
30. å oppdage ny musikk på ein tilfeldig konsert med ein ukjent artist

31. å komme heim
32. å verte inspirert
33. havregraut
34. ei bestevenninne, som veit når du treng litt dag-tv og ein yoghurt
35. vennskap
36. varm vind mot bare leggar
37. Tom Waits
38. Store, gode ullgensarar
39. Lukta etter at det har slutta å regne ein morgon i mai
40. å vere barbeint

41. barnesinn
42. sommar i heimbygda
43. romfartshistorie
44. han du veit
45. rista brødskive med syltetøy
46. lukta i huset til besteforeldre
47. globusar
48. 35mm-film
49. jonsokaften/sankhansaften/midtsommar
50. regn i grønne omgjevnadar

51. å plukke ein ukjent bok ut av bokhylla og berre begynne utan eingong å lese bakpå
52. rare smykker og øyredobbar
53. Beach Boys – God only knows
54. nynorsk
55. å kysse
56. nyttårsaftan
57. skybrot
58. brurebilete frå 80-talet
59. eplekake
60. malepenslane mine

61. søsken
62. reklamane på helligdagar
63. bruktbutikkar
64. Tarjei Vesaas
65. leksikon
66. blomster i håret
67. å vere eit friskt, ungt menneske. å vere eit friskt, gammalt menneske òg, for den saks skuld.
68. Chili-te
69. skodda på Sunnmøre
70. Lennart Nilsson sine bilete av fosteret i mors liv

71. middag med mamma
72. sitte på plenen heime i fem-tida
73. frukt
74. John Frusciante
75. KJÆRLEIKEN
76. sjokolade
77. demokrati
78. brunost
79. Woody Allen
80. å vere tante

81. bestemødre
82. diktet Here the Frailest Leaves of Me (her er mine vekeste strå) av Walt Whitman
83. 17. mai-selskap
84. å le
85. ullvottar og lópi-genser når kulda setter inn
86. leverpostei
87. å henge på Kinsarvik Fruktutsalg
88. glitter, ting som glitrar
89. Joni Mitchell
90. å danse
91. når ein oppnår klårleik (det er faktisk dét det heiter på nynorsk), den klårleiken ein har venta på eller ikkje visste fantes
92. julemiddag
93. touch-pad’en på macen.
94. å gi na en god faen
95. sirklar
96. når det ikkje var så vanskelig likevel
97. når alle får plass rundt bordet
98. historier frå gamle dagar
99. Roskilde
100. bursdag

BERGEN BIBLIOTEK
Tlf: 55 56 85 00
www.bergen.folkebibl.no
Kvittering for utlån 05/12/2011
————————————–
Hiorthøy, Kim : Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig : tekster og tegninger
Leveres senest: 02/01/2012
————————————–
Kleiva, Rønnaug : La oss krysse Nilen : (dagboknotisar)
Leveres senest: 02/01/2012
————————————–
Harstad, Johan : Herfra blir du bare eldre : prosa
Leveres senest: 02/01/2012
—————————————
Antall utlånte materialer : 3
Takk for besøket!
Når hovudbotnen svir av den trehundre-og-ørtande omgangen med kommersiel kjemisk smørje er det kanskje på tide å sjå seg om etter noko alternativt. Sidan henna tar veldig lang tid og luktar elefantpromp, valgte eg heller ein type kjemisk smørje som hevdar å vere ØKOLOGISK og eg tenkte at det måtte vel vere vel og bra. Diverre er det alle dei tinga som svir som gjer at hårfargen sitt i over tid, og med øko-smørja fekk eg først kjempemørkt, so kjempefalma farge, og like slitt hår som før. Etter fem omgangar har eg heller bestemt at det mest økologiske alternativet vil vere å ikkje farge håret, og at denne raudtoppen skal bli litt meir… rottefarga. Det er fullstendig unaturlig nokon skal ha hår som er like raudt som blod. Eller paprika. Eller framsida på avisa Møre.
Raudt er fryktelig fint altså, men sjå på dinne krabaten! Eg vil mykje heller sjå ut som ei rotte.


I lang tid har eg fyllt harddisken med bilete som har fanga meg, men eg har aldri vore flink til å notere meg kjeldeopplysningar. For mange år sidan fann eg eit bilete av ein mann som sykla ut i ein kanal i Amsterdam som fanga meg veldig. Eg fant aldri ut kven det var eller kvifor han valgte å gjere nettopp det, men det har seg slik at eg seinare oppdaga ei sånn greie som heiter kunst. Student i faget har eg blitt, har ikkje berre lagra ting på den fysiske harddisken, men óg i gode gamle hippocampus. Då mannen på sykkelen dukka opp i ei broka forsamling kunstfilmar, visste eg kor eg hadde han frå.
Min gode Bas Jan Ader. Performancekunstnaren som vart tapt til sjøs i 1975 i eit forsøk på krysse Atlanteren åleine i ein liten seglbåt. Som erklærte at “art is falling” og er mest kjend for tårepersaren I’m too sad to tell you (alt ein lærer ved å foreta eit google-søk!) Min nye favoritt er teselskapet:


Fordi alt ved denne filmen er
f a n t a s t i s k.

Der ein kan puste litt lettare sjølv om ein veit at sommaren snart tar slutt.



Kanskje kjem hausten hit, også.


men først skal eg opp i lufta og ned på jorda
Kjenner eg har vanskelig for å sette ord på det fryktelige som råka landet vårt fredag 22.07.11, men det eg veit er at vi ikkje har nokon å miste og at det er med kjærleik vi skapar meir kjærleik, likesom at vi med hat skapar meir hat.
“Duuu, tenk på 1959 – årstalet altså. Lenge sidan.
Og så tenker du på 1980 – som verkar som ei heilt anna tid.
Så tenker du på tidsromet mellom 1959 og 1980 – leeeenge
Så lenge har vi levd”
Kameraet mitt er visst ødelagt. Speglet har visst hengt seg opp. Det er visst ganske vanlig.

det siste biletet
Internett sa at eg burde skru av undersida og pille på eit raudt hjul, kanskje smøre litt symaskinolje på det. Kanskje lurt, tenkte eg. Eg har jo ingen pengar og det kostar meir å fikse det enn å kjøpe nytt. Så eg gjor det då. Og så funka det. Og so gjor det ikkje det. Same prosedyren ein gong til, og ein gong til, og ein gong til. Kanskje ein gong til litt seinare. Men ikkje akkurat no. Det er duka for ein udokumentert sommar.






Blei solbrent i hovudet, kjøpte et stretchlaken, støvlar, bakt potet, kvitvin. Var kjæraste på The tallest man on earth. Opplevde gamle men som mosha til The Ex. Såg PJ Harvey, Portishead og dansa i gjørma til The Strokes, der ingen frå deadmau5-køa ville vere med. For nåken trippies. Dansa litt meir, åt verdens største pita og var kvalm på Lykke Li, sovna på Bad Religion. Solkrem i håret for femte dagen på rad. Kjøpte øl og pannekake for det eg trudde var dei siste pengane og dansa til støvlane gjorde vondt fordi Timbuktu är så bra.
eg huskar sikkert meir i morga
Tidlegare har eg forelska meg i bileta til Ahndraya Parlato, no har eg forelska meg i desse collagene. Fine!



Eg har vore på festival kvar sommar sida 2007, der Roskilde tel to av gongane. Første gongen eg var der såg det slik ut:


Det var eit helvete utan like der teltet la seg med vinden i regnstormen, nokon pissa i støvelen min på konsert og nokon andre stjal palestinaskjerfet mitt (katastrofe for ei tenåringsjente midt i ei standard, langvarig identitetsspekulasjon). Heldigvis hadde vi dratt dit for musikken og ikkje for å bli drita i søla, og då Red Hot Chili Peppers spelte natt til søndag svevde eg på ei sky sjølv om det var litt for trangt nede i folkemengda.

Her et eg ein banan på ein litt tørr formiddag i Roskilde by (mitt mest fantastiske portett).
I 2009 var eg to år eldre, vêret var veldig annleis, musikken og stemninga overgjekk alt, og eg blei til slutt fråstjelt alt bortsett frå sovepose, liggeunderlag, det svarte skjerfet og ei ny truse (win!). Lærdommen svidde kanskje, men sidan ting berre er ting, vart det slett ikkje like viktig som kor fantastisk heilheita var.



I år skal eg dit igjen, med eit magert feriebudsjett – men ein god kjensle i magen og nokon å dele luftmadrass med, det har eg.
SISTE KOMMENTARAR